Opninga av FN si 80. generalforsamling (UNGA) blir markert med høgnivåveka frå måndag 22. september til fredag 26. september, der stats- og regjeringssjefar frå heile verda samlast i New York. Under høgnivåveka finn det stad ei rekkje topp- og høgnivåmøte om sentrale globale politiske spørsmål og utfordringar.

På årets møteplan står mellom anna eit høgnivåmøte mandag 22. september for å markere at FN er 80 år. Onsdag 24. september finn det stad eit toppmøte om utviklingsfinansiering. Vidare markerer ein at det er 30 år sidan den banebrytande Beijing-konferansen om kvinners rettigheiter.

Frå Noreg deltek statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Åsmund Aukrust og klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Tilreisande medium bør snarast, og innan fredag 29. august, ta kontakt med den norske FN-delegasjonen for akkreditering (e-post).

Høgnivåmøta vert sende direkte på nettsidene til FN, og media kan få tilgang til foto og video. Sjå meir informasjon på FN si nettside Media Accreditation & Liaison Unit.

Pressekontaktar:

Statsministeren: Anne Kristin Hjukse, anne-kristin.hjukse@smk.dep.no telefon: +47 99 21 46 10

Utanriksministeren: Cecilie Roang, Cecilie.Roang@mfa.no, telefon + 47 92 62 81 03

Utviklingsministeren: Mariken Bruusgaard Harbitz, Mariken.Bruusgaard.Harbitz@mfa.no, telefon: +47 99 09 35 38

Klima og miljøministeren: Katinka Vaag Prestøy, katinka-vaag.prestoy@kld.dep.no, telefon +47 91 15 36 71.

FN-delegasjonen i New York: Narve Solheim, narve.solheim@mfa.no, telefon: +1 716 465 2567